tirsdag 30. november 2010

Isskrapevottar/julekalender/jul/ Icescrapemittens/Christmas calender/Christmas

Dette biletet vart litt merkeleg, men då fekk eg inn litt diverse ting. ;) Isskrapevottane er strikka på bestilling for ein kollega. Han bestilte 3 til herre og 3 til dame. Eg har strikka 6 av kvar (ein damevott har eg frå før, så den er ikkje med på biletet) så kan han velge kva av dei han vil ha. Resten vert nok i julegåver til ein avløysar og kona ++. Så då får eg sjå på jobb i dag kva av dei han helst vil ha. Det er til saman brukt 739 gram med garn.
Hin dagen mottok eg adventskalendar frå Iris. Eg var for sein på HB til å melde meg på årets runde og Iris var så hyggeleg å sende meg ein pm om me skulle vere adventskalendervenner, så det var jo veldig koseleg. Eg gler meg til å opne den første i morgon. Kjem nok eit innlegg kvar dag med spennande pakkar. ;)
Elles pynta eg litt til jul på søndag. Eg har aldri pynta så tidleg før, og er van med at det blir pynta 23.desember, og kun adventsstake fram til då. Synes jula varer litt kort då, så i år prøver eg ein ny vri, så viss ikkje eg blir lei av jula, så blir nok dette vår tradisjon. Pynter litt kvar helg fram til jul. Men...juletreet får ikkje kome inn i hus før 23. desember. ;) Dei flotte nissane har ei svigerinne strikka til oss.
__________________________________
I have knitted icescrapemittens for a colleague. He ordered 3 of each, but I have knitted some more so he can choose which colors he wants.
I recieved a wonderful package the other day from Iris. She is my adventcalender friend this year. I can't wait until tomorrow!
On Sunday I put out some of the Christmas decoration. I am not used to decorate before the 23rd of December, so this is so early. But I'm planning on decorating a little bit each weekend until the 23rd. But....the Christmas Tree has to stay outside until the 23rd. ;)
The beautiful Santas has a sister-in-law knitted for us.

9 kommentarer:

Hanne sa...

Du har virkelig hatt en storproduksjon når det gjelder isskrapevotter, kjempe smart med slike i kulden da :D Jeg gleder meg også veldig til i morgen og KALENDERTID :D

reSIRIkulert sa...

Storproduksjon kan ein vel seie... ;o) Skulle gjerne hatt isskrapevott sjølv no.
Misunner deg pakkekalenderen, ja, for eg var òg for sein til å melda min interesse... Vel, vel, prøver att neste jul ;o)
Kos deg i førjulstida, med gåver og pynting! ;o)

gyldenkron sa...

Å, så fine nisser. Koselig med kalender, jeg venter fremdeles på min fra et annet forum.
Tenker kollegaen blir fornøyd med isskrapene, avløseren også

Trollkåno sa...

Oi, du har jammen strikka masse vottar m/isskrape........hadde planer om slike, eg òg.
Kanskje eg rekk nokon til julepresangar enno.........

Ulla-Bella sa...

Så flotte isskrapevotter:)

amylin sa...

Så gøy med julekalender! Fine isskrapevotter!

Tess sa...

Litt av en produksjon av isskrapevotter du har hatt! De er gode å finne nå som det er så kaldt.

Solveig sa...

Mange flotte eksemplarer å velge i. Isskrapevotter er ikke dumt i denne kulden. Det har jeg faktisk aldri laget, men jeg har en skrape liggende som venter på en vott rundt........ Hvis jeg bare får lagt fra meg pjoningen.

strikkedilla sa...

Kjempefine disse isskrapevottene. Utrolig mye fint i bloggen din siden sist. Ser du har strikket den samme "ku" dressen som jeg har strikket tidligere. Den er så knallfin.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails