Begynner å innsjå at ein del av dei tova tøflane er moden for utskifting. Me har ei gammal kiste i gangen med mange tova tøflar i, til meg sjølv og til gjester som frys på beina,- eit gammalt hus er golvkaldt. Så når eg ser at fleire og fleire begynner å få hol rundt omkring, så er det vel gjerne på tide med litt fornying. Til bursdagen min var eg så heldig å få eit par tøflar frå tre veninner som den eine hadde strikka,- dei kan du sjå her. Kjekt med eit nytt par i kista. Så...no er eg i gang med prosjekt tøflefornying. ;) Dette er første paret. Dei er strikka i eskimo, hekla kant på toppen og hekla pynt,- den vart litt utståande etter toving. Men...eskimo tova finare denne gongen enn det gjorde på dei forrige tøflane eg strikka. På dei forrige vart dei svært ulikt tova og den eine tøffelen måtte fleire gongar i maskina.
No har mannen renska lyr som me har fått av svigers,- eg skal lage mine første fiskekaker til middag!!! Spennande! Satsar på at ein del kan frysast ned og. Samtidig står brøddeigen til heving og eg har vore på fjellet på tur, klarte det i strålande solskinn, og det hølja ned då eg var komen heim att. Så no er det litt middagslaging, avslapping og baking før eg skal inn på jobb ein tur.
Mønster: I mitt eige hovud. ;)
Pinnenr: 7mm
Garn: Drops eskimo
Mengde 200 gram
________________________________
I have knitted a new pair of slippers. I have figured out that I have to get rid of some of the slippers we have, and make some new ones. These are the first pair.
Today, I have been hiking in beautiful sunshine. Right now I am baking bread and getting ready to cook dinner before I am going to work.
16 kommentarer:
Bare det var mig der boede i Norge : Tur på fjeldet , fiskekager og torvede tøffler :-)))))
Vilma
"Goe tøffler - varme føtter."
Gode tøfler - og sammen med nystekte fiskekaker kan ikke livet bli bedre:-)
Kos deg
Kommer du å fornyer min tøffelkurv også? Her går det nemlig på stumpene løs, og disse var kjempefine, og hadde passet godt i kurven min! Hihi
Kjempfine tøfler! Tøv pynten for seg og sy det på etterpå, det blir bedre;)
Kos deg videre, klem fra meg;)
Det er ikkje bra å fryse på føtene og med desse tøflene treng du ikkje det. Dei var veldig fine
Så fine tøfler. Og varme og gode er de helt sikkert.
Ja, me treng tøflar i gamle hus ;) Sjølv har eg berre lommetøflar til utlån, men kanhende eg burde gjer litt flid utav det i somar, og laga ei lita korg full av skikkelege tøflar...
Flotte tøflar dette iallefall!
Nyt dagane, sol og regn - det er godt me har byrja på lysare tider!
Siri
Så søte dei er! Hyggeleg at du vil vera med på min PIF! Då kjem det pakke i posten til deg!
klemfrå umulie
Tusen takk for besøk i bloggen min :)
Og for noen herlige tøfler!! Digget fargen du har brukt :)
Det var noen flotte tøfler i herlige farger.
Tøfler kan man neppe få for mange av :-)
Disse var kjempeflotte - likte fargen også jeg :-))
Flotte tøfler:)
...glemte å skrive at du må sende meg adressa di;)
umuliesverden(at)hotmail.com
Fine tøfler! Veldig praktisk å ha noen på lur til gjester o.l. Toving er jo alltid litt ekstremsport ;)
De så sgod ut! (og fine) Sånne kunne jeg tenkt meg :-)
Legg inn en kommentar