lørdag 10. november 2012

Flaskenissar


Eg har ein lei tendens til å strikke mykje av slike figurar
når eg først set i gong, for det går jo så raskt og det er så kjekt.
Vel, det er inntil eg skal montere.
Berre ta ein kikk på dette innlegget,
så skjønar du kva eg meiner.
På desse var ikkje monteringa så gale, bortsett frå alt
skjegget og håret.
Dati, på uformelt, som eg dessverre ikkje finn nokon blogg
eller heimeside på, gav meg ein gong nokre flotte
"nåler" til å sy glidelåsar på strikka klede.
Dei minner veldig om desse, og var heilt geniale til
å feste Canto´en på nissane.
Eg har brukt pinnenr 5mm.
Det grå og dei to ulike raude garna er pt2.
Hudfargen er Sandnes Minialpakka
og skjegget er Sandnes Canto.
Til saman har eg brukt 150 gram garn.
Desse skal alle giast vekk i gåver.

6 kommentarer:

Ann Tove sa...

Kjempefine presangar dette. Ja, det er vel monteringa som tek tid vil eg tru. Kjem på at eg har ein ferdigtova og umontert kar liggande ( ikkje julenisse ) kanskje eg skal gjere noko med det. Vart litt inspirert no :) Ha ei fin helg.

Berit sa...

Det var en herlig nissejeng :)
Kjempefine var de!

Tess sa...

En herlig gjeng!
Flotte gaver dette her.
Gleder meg til å ta fram mine til jul jeg også!

Unknown sa...

Så fine håndlaga nisser å få i gave. ;-)

Linda sa...

Slike gåver er alltid kjekt å få. Fine nissar!

Bodil sa...

Ein koseleg nissegjeng :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails