søndag 16. juni 2013

32/52 Little Miss Summer

Par nr 32 og det vert nok eit av dei siste i denne plungen.
Eg kjem meg ikkje nærmare dei 52 para.
Eg kunne jo ha satt i gong med stress strikking og strikka
19 par (eg har par 33 på pinnane) med babysokkar for å klare 52,
men det er ikkje noko mål i seg sjølv.
Og stress strikking har eg gjort nok av opp gjennom
og har ingen behov for å gjere det her. :)
Jaja, eg satsar no friskt og har meldt meg på den nye 52ppvii
som startar 1.juli. 52 nye par sokkar. :) Hoho...
Paret over her vart strikka i mai til ei niese sin bursdag.
Ho fekk desse, Sockdolager (par 26) og par 31 som foreløpig
er eit hemmeleg mønster som eg ikkje kan vise fram.
Dermed fekk ho eit tjukt par, eit tynt og eit par ankelsokkar. 

Nærbilete av eine sokken.
Det kjem vel ikkje som ei bombe at dette er eit mønster
designa av Bitta Mikkelborg.

Garn: Drops Fabel
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 35 gram

4 kommentarer:

Janicke Lekang sa...

Så flotte de blir. Bitta har så mange fine mønstre som frister ;)

Linda sa...

Fine sokkar! Eg hadde i alle fall ikkje meldt meg på å strikka 52 sokkar på eit år. Eg slit litt med 12 vottar på eit år. Held på med mai vottane og er ikkje starta på junivottane endå :) Hei fin veke.

Bitt@mi sa...

Nydelige sokker:) Nok en gang fra dine pinner:)
Jeg kom heller ikke i mål med 26 par i år, men hadde jeg lagt sammen alle de jeg har kun 1 sokk av, så hadde det nok blitt nok. Vel, da får jeg starte med mange WiP'er heller:)
Ha en fin søndag videre, og ei flott uke:) Klemmer:)

Solfrid sa...

Flotte sokker.

Koselig blogg.
Har også vært innom gårdsbloggen, den skal jeg nå kikke litt nærmere på.

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails