mandag 24. april 2017

Ein hyllest til Telespinn


Eg har fått meg ein ny garnfavoritt, nemleg Telespinn Mari. Eit mjukt og godt garn i 2-tråds Kidmohair. Har du høyrd om Telespinn? Viss ikkje bør du sjekke ut nettsida deira. Eller om du er i Telemark bør du legge turen innom. Eg har tidlegare kjøpt garn frå dei på Dyrsku´n i Seljord, men garnet har blitt liggande å vente på det perfekte prosjektet. No har eg 6 dagar igjen til termin og venter ein liten gut, og då var det vel på høg tid å prøve ut Telespinn Mari. Og eg angrar ikkje. På biletet over ser du hentesettet som ligg klart i fødekofferten. Garnet til det kjøpte eg i haust på veg heim frå ferie. Min første tur innom garden på Midt Svartdal. Utruleg kjekt. Eg tenkte først at eg berre skulle strikke jakken, men ombestemte meg brått og valgte å bruke dette til hentesett. Eg var difor innom ein tur igjen i vinter, og dei var så hyggelege å opne butikken for meg på ein laurdag, slik at eg fekk handle meir garn. 


Meg i butikken i september, gravid og kvalm, 2 mnd på veg. :)
Drøymeplassen for ein som elskar å strikke.
Sjå alle dei fine fargane!!

Fantastisk hyggeleg betjening, nydeleg garn i flotte fargar og kvalitetar og butikken er på ein fantastisk fin plass. Det blir ikkje min siste tur innom Telespinn. Dei har og omvisning der, så ein gong håpar eg å få til det.
I mønsteret frå Drops er buksa strikka som vanleg bukse, medan eg vil helst ha den slik som eg har strikka den. Valgte difor å bruke mønsteret frå Drops, men fann og eit mønster frå Dale som eg kombinerte den med.

Hentesettet er som sagt strikka i Telespinn Mari.
Pinnenr: 2,5mm
Garnmengde: 268 gram




Då eg var på Telespinn i vinter viste sjølvsagt Bjørg meg ein gensar som hang der som eg fall heilt for, nemleg "Geiter i kø", eit mønster designa av Telespinn. Eg måtte jo då sjølvsagt kjøpe garn til dette og som mitt neste prosjekt. :) Link til mønster og garnpakke finn du under neste bilete.



Gensaren er strikka i str 1 år.
Pinnenr 3 og 3,5mm
Mønster frå Telespinn: Geiter i kø
Garnmengde totalt: 104 gram



Då eg handla garn til "Geiter i kø" kjøpte eg eit nøste ekstra med brunt, då eg var usikker på kva storleik eg ville strikke. Det medførte at eg hadde litt ekstra garn, og kunne då strikke denne jakken og i Telespinn Mari. 


Mønster: Bellyphant
Storleik: 6-9mnd
Pinnenr: 2,5mm
Garnmengde totalt: 88 gram


Etter å ha vore på Dyrsku´n i Seljord for nokre år tilbake hadde eg liggande tre hesper med turkis Telespinn Mari. Denne var kjøpt frå billigkorga deira den gongen. Garnet har blitt liggande og venta på det perfekte prosjektet, men og i håp om og ein gong kunne strikke noko av det til ein eigen baby.
Eg hadde og litt restar igjen etter hentesettet og etter "Geiter i kø". Eg er ikkje heilt fortruleg med fargekombinasjonen enno, men mannen er fornøyd. :)
Og i og med at eg innerst inne i sjela alltid vil vere Bonde, så måtte det jo bli traktorar og. Kan jo ikkje kome forutan det. :) Vert nok nokre fleire dyr og etterkvart. 


Mønster: Traktorgenser
Storleik: 1 år
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Garnmengde totalt: 133 gram
Brun: 23 gram
Off white: 21 gram
Turkis: 89 gram

6 kommentarer:

Tesha sa...

Å, du hildrande du, så mykje fint, Torunn!!! Telespinn har eg vore merksam og nysgjerrig på lenge. Eg har prøvd Symre, men ikkje Telespinn Mari, så no har eg notert det "bak øyra". Takk for tips! Kryssar fingrane for deg og ønskjer deg lykke til med både fødselen og det som kjem etterpå!!! Stor klem!

Anonym sa...

Lykke til med knøttet! Kjem til å få mange fine plagg, ser eg �� Synes faktisk traktor genseren hadde den finaste fargekombinasjonen eg... Men veldig glad I turkis da, og har ein gut som kler det veldig godt ��

Hanne sa...

Det er bare en ting å si: wow. Så mye lekkert har jeg ikke sett på lenge. Utrolig mange flotte plagg. Takk for garntips også. Gratulerer så mye med baby. Veldig koselig å høre altså. <3

elin65 sa...

Koselig å høre fra deg i bloggen igjen. Lykke til med baby! Ser at denne karen ikke blir frossen og kald med det første :-) kjempefine plagg du har strikket.

Stinemorღ sa...

Så mye lekkert strikk!
- og spennende med et garn man ikke har hørt om før :)

SRUN POR sa...

Post jest naprawdę świetny i bardzo miło jest czytać i uzyskiwać informacje.
โกลเด้นสล็อต
สูตรบาคาร่า
gclub

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails