






Denne jakken er strikka til ei nydeleg lita tulle som vart fødd på sjølvaste kvinnedagen. :)
Jakken er strikka i Tilda på pinnenr.3,5 og str 1 år. 12 sauer er brodert på etterpå. Veldig fornøyd med jakken, men eg trur nok ikkje at eg kjem til å strikke med Tilda garnet fleire gongar. Eg var ikkje heilt fornøyd med det.
Eg ser og at rosafargen på garnet ikkje kjem heilt fram på biletet, men, men..
__________________________________________
This jacket was knitted for some friends who gave birth to a little girl in the beginning of March. The 12 sheep are embroided on the jacket at the end.








Ei veninne fødde ei nydeleg jente, 10. januar.
Eg hekla denne kjolen til henne i Sandnes Alpakka. Det tar nok litt tid før den passar, då den vart hekla i str 12/18 mnd, men, men...alltid greit å ha noko å vekse i. :)
Det er ein blomst på den med grøne blad rundt, viss du trykker på biletet ser du det betre.



Sokkane er strikka på bestilling til jul og vart "i kampens hete" kappa litt då eg skulle forminske biletet... Jaja, ein sokk er ein sokk. :) Som forrige sokkepar eg strikka har eg nok ein gong prøvd meg på eit gammalt bestemor triks og strikka inn ein sytråd i hel og tå. Før har eg jo alltid strikka inn ein ekstra tråd, men no tenkte eg eg skulle prøve noko nytt. Dei gamle bestemødrene må vel vite kva dei snakkar om.. :)
Isskrapene låg under juletreet hos nokre veninner i år. Foreløpig ser det ikkje ut til at det er bruk for dei her på Vestlandet, men kanskje i 2008..?!?


