
________________________
These socks, Slippin' Stripin' Socks, are the extrasocks for August in the SockKAL, Sokker 2008, this year. A fun pattern to knit.
Revised swirl sokkar var bonussokkane for mars i Sokker 2008. Eg har strikka dei i Opal og pinnenr.2mm. Desse passar til ei lita jente.
___________________________
Revised swirl socks was the bonuspattern in March in the sock KAL Sokker 2008. These are knitted in Opal and needles# 2mm, and will fit a little girl.
Mønsteret for desember var Muscari socks. Desse er og strikka i Sisu og på pinnenr. 3mm. Synes dei vart ganske fine og eit flott mønster å strikke. Så då er eg ferdig med alle hovudsokkane i Sokker 2008, og eg er i full gang med bonussokkane. Januar, februar, september og oktober finn du under Sokker2008 i menyen. Marsbonussokkane er på pinnane og snart ferdige. ;) Kanskje eg rekk bonussokkane før året er omme?! Kven veit? ;)
____________________________________
The pattern for December in Sokker 2008 is Muscari socks. I love the pattern. Now I've finished all the main patterns in the Sock along and I'm trying to knit some of the bonus patterns. You can find January, February, September and October bonussocks under Sokker 2008 in my Blog menu. I'm almost done with the bonussocks for March. Maybe I will be able to knit all the bonussocks before 2008 is gone?! Who knows? ;)
Desse sokkane har lagt ferdig ei stund, men eg har liksom ikkje somla meg til å blogge i det siste, som de sikkert ser... :) Dette er septembersokkane i Sokker 2008. Eit artig mønster å strikke. Sokkane er strikka i Silja og ein rest med babyull til mønsteret.
______________________________________
These were finished a while ago, but I haven't been in a blogging mood lately. The pattern is called Dancing ladies and were the pattern for September in SockKal 2008.
I morgon er eg jammen meg blitt frue... Rart å tenkje på... Bunadsskjorta og forkle er strøke, all bordpynt står klar i kassane sine, bunadane våre heng klar og i dag skal eg til kiropraktor og få ein siste behandling før den store dagen... I går hekla eg ferdig eit sjal i englemasker til bryllupet mitt. Det er hekla i Londongarn. Eg er litt spent på korleis det vert etter bruk, for oppleggstråden vart to laaaaaaaaange, tynne trådar etter ei stund. Så viss eg ikkje heng meg opp i ein haug med ting som kan flise opp garnet, så skal det vel gå bra. ;) Eg skal med andre ord finne meg eit anna sølvgarn viss eg skal hekle eit slikt ein gong seinare. ;) Litt vanskeleg å få det til å henge fint, må liksom trekke litt i det, så det ser litt rart ut på biletet. Eg skal ikkje bruke dette til bunaden viss nokon lurte... ;)
Regnet hølja ned i natt og det regner fortsatt,- det er meldt betre ver utover dagen og at det skal bli fint i helga. Eg krysser fingrar og tær for det. Håpar me kan få kjørt litt ute med hest og vogn og kan få tatt mange bileter ute. Jaja, neste gong eg skriv innpå her er eg faktisk gift. ;)
______________________________
Tomorrow I'm getting married! It's kind of weird to think about. Everything is now ready for the wedding and that is so relaxing. I've crocheted this shawl for myself in London yarn. I don't think I will use it again later for a shawl, then I will have to use it together with another kind of yarn. I'm gonna use this one in my wedding, and not together with my bunad. ;)
The rain is pouring down. I'm crossing my fingers and toes that we will have a better weather tomorrow! I'm hoping we can take a lot of picture outside.
Well...the next time I will be blogging, I'm actually married! :)