torsdag 25. desember 2008

Julekjolen min/ My Christmas dress


I vår strikka eg det grå på denne kjolen, la den vekk og vart travelt opp med alt babytøyet som måtte strikkast (skikkeleg babyboom blant vener i 2008). I slutten av oktober strikka eg rosemønsteret på flyet til Kirkenes. Eg strikka kjolen i Smart og ut i frå strikkefastheten på mønsteret burde eg eigentleg lagt opp nokre fleire masker, difor la eg vekk kjolen med tanke på at eg måtte rekke opp att og starte på nytt. På laurdag 20.desember drog eg ut strikkepinnen og prøvde den på og fann ut at den ikkje kom til å bli for smal, putta strikkepinnane inn att og strikka. Så då, med iherdig strikking på laurdag og søndagskvelden og deretter på kvelden på vesle julaftan og i bilen på veg på besøk til bestemor på julaftan så vart eg jammen meg ferdig. ;) Då var det å montere og hekle kanten rundt medan min kjære var i fjøsen på julaftan, dampe den og kle seg og feire jul i ny kjole. ;)
På vesle julaftan hadde me besøk av ei god veninne ho tok opp kjolen og spurde kva det var for noko. Då eg sa "julekjolen min" svara ho kjapt: "Å, skal du gå naken?" Ho hadde ikkje trua på at eg kom til å bli ferdig og at eg dermed ikkje hadde noko å ha på meg. ;)
Trykk på biletet så vert det større. Det er fleire som har spurd om kor ein kan kjøpe oppskrifta, det kan du gjere her. :)
________________________________
This spring I knitted the grey part on this dress, put it away while I was knitting a lot of babyclothes for a lot friends who were expecting. In October I knitted the rosepattern on the plane going up north to Kirkenes. I've used another kind of yarn then the pattern is telling us to use so I should have cast on more stitches for my size. That's why I once more put the dress away waiting to start all over again. On Saturday Dec.20th I took the stitches of the needles and tried my dress on, figuring out that it was not too small. I put the needles back on and started to knit on the dress during Saturday evening. I knitted on the dress on Saturday and Sunday evening and then on Tuesday evening and on Wednesday during the day. We were visiting my grandmother yesterday, and I finnished the dress in the car while my husband was driving. ;) When we got back home I crocheted around the neck and arms while my husband was milking the cows. In Norway we celebrate Christmas on Christmas Eve, so then I had a new dress for our celebration.
On Tuesday a friend of mine was visiting, she saw the dress and asked what it was. I said: "My Christmas dress". She said: "Oh, are you going to be naked on Christmas Eve?". She didn't believe that I would be able to finnish it in time. ;)
Click on the picture to enlarge it.

26 kommentarer:

Nunne sa...

Vet du, jeg syns fortsatt du er så flink med strikkepinnene at jeg misunner deg nesten!
Du var så søt i den kjolen...!
Og så alt det andre du har vist oss den siste tida! Guri kor masse artig!
Tenker på deg som feirer jul for første gang som frue... det er veldig artig!
Ønsker deg god jul videre!
Klem fra Nunne...

Anonym sa...

Å den ble fin den kjolen der. Er det et mønster på den som man kan få kjøpt på butikk. Kunne tenke meg å strikke den til min svigerdatter. Og vil også ønske dere en fortsatt fin julefeiring.

malla-b sa...

Kjempefin kjole du har laga. Søte bamser du hadde laga til niesene og.
Ønsker deg ein kjempefin julehelg.

Ramme Alvor sa...

God Jol, Torunn! Og takk for iskrapevotten, den såg ut til å falle i smak! :)

Klem
britt

Fivrel sa...

Åh, så KJEMPEFIN kjole, Torunn! Og at du strikka han på den tida, det er meg eit under. Du er ein "reser" :-) Vart orntleg inspirert her, du vil vel ikkje røpe kvar du fann oppskrifta, vel...? :-)

jogusi sa...

Du imponerer meg. Tenk her går vi andre og sliter vettet av oss for å bli ferdig til jul og så sitter du der og strikker kjole i innspurten;-) Det hadde ikke jeg tid til nei. Men kjolen passet deg perfekt. Nydelig med andre ord. Ha ei fortsatt fin jul.

Baddie sa...

Klukka'n din ble kjempefin! For en fart du har hatt på strikkepinnene de siste dagene. Imponerende. Har garn liggende til denne jeg også,skal begynne på den når jeg har fått avsluttet noen av de mange påbegynte prosjektene jeg har liggende.

Torill sa...

Takk for besøket på bloggen min. Det var ein veldig fin kjole du hadde strikka. Ser du er frå Nordhordaland, langt frå meg eller? Med ønskje om ei god jul vidare. Torill

Anonym sa...

Ja der fikk hun den;-)
kjempebra innsats og veldig fin kjole:-D

Anonym sa...

Ja der fikk hun den;-)
kjempebra innsats og veldig fin kjole:-D

Liv sa...

Så fin kjole, og at du fikk den ferdig til jul, da! Der en reser, det er sikkert!

Fortsatt god jul til deg og dine!
Takk for besøk i bloggen min, jeg har vært noe fraværende i det siste, men det ble hektisk like før jul.

Beate sa...

Kjolen ble kjempe flott! Og jeg er så imponert over at du fikk den ferdig i tide. Søte de bamsene under!

Orlaug sa...

Oioi, strikka nesten ein heil kjole på 3-4 dagar i julestria...
Imponerande!
Hadde brukt like mange veker, eg... for ikkje å sei månadar.
God romjul frå meg!

Torill sa...

Du bur litt meir nord enn meg. Eg bur på Osterøy, nærare bestemt Valestrand. Har budd her sidan september, men går alt etter planen blir eg værande her til evig tid :-) Har du byrja på noko nytt strikkeprosjekt? Kor lang tid brukte du på kjolen? Eg er så treig med å fullføre ting, strikkinga går i rykk og napp. La opp og byrja på ein kjole i str 1 år idag, men det går sikkert lang tid før den er ferdig...

Anna Lisa sa...

Kjolen din var nydeleg!!
Du er flink må eg sei!!! Og bamsane nedom var sjønne.
Ønska deg ei riktig god jul.
Takk for julehelsing
Klem

turvid sa...

Kjempefin kjole!

Angel.Pearls sa...

Tack för gullig kommentar hos mej! Verkligt fin julklänning-underbart grön färg! Vad duktigt att du kunde sticka under bilfärden, så den blev färdig! En godd fortsättning påå julrn o Gott Nytt År// Klem Eva

Solveig sa...

Den kjolen kledde du godt! Imponerende at du ble ferdig til jul. Har også mønsteret på den, men om det blir noe strikking er uvisst! Fortsatt god jul!

Margrethe sa...

Så flott Klukka! Jeg har garn liggende, skal bare bli ferdig med den andre kjolen min først... :)

Toril sa...

Så fin den var!

Flott blogg du har, koser meg med å se igjennom alt det fine du har laget :-)

Ugla sa...

Du, så flotte ting du lagar - og den kjolen var både ven og varm! Eg er og ei sokkestrikkerske, og det vart mange ulike sokkar til jol. Men no skal eg prøve meg på nokre broderi - som ei anna bloggjente skal bruke på sine lappeteppe. Ha gode joledagar - og lag mykje fint i det nye året!

Anonym sa...

Hei Torunn!
Eg vart litt stum då eg såg kjolen ferdig på sida si... Utrulig stilig, og så kjapp som du er:-) Bamsen til frida er var også flott, og kjempe velkommen! Snakkast i morgon!
venleg helsing oddgunn

Lillian sa...

Du er imponerende...!!! For en hastighet - og for et flott resultat! Utrolig flott kjole. Flink er du! :)

Håper du har hatt en fin jul!

Ruth sa...

Så fin kjole du har strikka! Eg strikka ein slik ein til meg sjølv til jul òg, men med andre fargar og anna garn.( og så brukte eg litt lenger tid.. ) Godt nytt år!! :-)

Anonym sa...

Julekjolen din ble nydelig.

Ragnhild sa...

Kjempefin blei han! Som du såg, driv eg på med den same, og det er noko i oppskrifta eg ikkje forstår som kanskje du har peiling på ...

Rett før ein skal fella til armhol, så står det at ein ikkje skal strikka dei siste 6 (eg strikkar small) maskene på slutten av siste omgangen. Seinare i oppskrifta står det ikkje noko om kva som skal skje med desse maskene. Eg har sett dei på ein liten pinne og har byrja strikka bakstykket. Synest det ser veldig rart ut ... På førehand takk for hjelpa!!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails