Dette gjekk superkjapt å strikke. Starta på det seint på kvelden 18.juli og var ferdig dagen etterpå. La det til blokking rett før forrige helg og fekk endeleg tatt bilete av det i kveld. Eg strikka ein rapport ekstra på chart 1, slik at eg strikka rad 1-22 ein ekstra gong. Synes det vart passeleg lengde på det då. Dette hamnar og i gåvekassen min. No har eg ganske mange gåvekassar, så det vert greit til jul og til bursdagar framover. ;) Mønster: 198 yds of Heaven
Garn: Kitten Mohair, 4513
Mengde: 65 gram
Pinnenr: 5mm
For ei tid tilbake vart eg med på ein giveaway på TanteUlla's blogg. Og eg vann dette flotte Wollmeise nøstet. Eg har aldri prøvd Wollmeise før, så dette blir spennande. Eit deilig å mjukt garn.Elles vil eg anbefalle deg ein tur innom TanteUlla's blogg,- ho lagar mykje fint og har ein koseleg blogg.
I dag har eg og oppdatert på Ravelry både med prosjekt og faktisk lagt inn noko på Stash. Utruleg kjekt eigentleg for no oppdaga eg at eg hadde fleire nøster av enkelte garntypar som eg trudde eg berre hadde eit nøste av osv. Tar litt tid å legge inn bileta så eg gjorde det samtidig som eg rydda og vaska huset... "Oprah calls it multitasking" :)
_____________________________
I've knitted 198 yds of Heaven and won my first Wollmeise at Tante Ulla's blog.









