
For nokre veker sidan starta Bittami med bloggen
meisebo ein mysteriesokkalong på Hobbyboden. Bittami har laga det nydelege mønsteret og kvar mandag kom det eit nytt hint i innboksen på eposten min,- i alt fire gongar. Dei små bileta viser dei ulike hinta strikka. :) Då eg var ferdig med hint 3 i gårkveld (eg låg litt etter skjema med hint 3 og 4) så vart eg så ivrig på å starte med hint 4 at eg glømte å ta bilete av begge sokkane i lag. Derfor er det berre bilete av den eine sokken. ;)
Her kan du sjå alle dei flotte sokkane som Bitta har designa. Ho er utruleg flink!! Eg kjem definitivt til å strikke fleire sokkar som er designa av ho.
Beate døypte sine sokkar til "Luxury - Because I'm worth it". Eg synes det passa utruleg flott til desse sokkane, men har døypt mine "Luxury - Because you're worth it". Eg håpar det er greit at eg hermer, Beate?
Dette er mitt første prosjekt med Wollmeise, og det vert garantert ikkje det siste!! Kjempedeilig!
Ser forresten at eg gløymde å ta bilete av baksida av sokkane... På baksida av leggen er det eit flettemønster.
Mønster: Mysteriesokk frå Bittami (ikkje publisert enno, og har heller ikkje fått namn).
Garn: Wollmeise 80/20 Twin i fargen Petit Poison nr 5 dark
Pinnenr: 2 og 2,5mm
Mengde: 86 gram
__________________________________
My mystery socks are done! These are designed by
Bitta Mikkelborg.