fredag 27. august 2010

Tova gensar/ Felted sweater

Denne gensaren vart strikka i forsøk på å minke garnlageret. Då eg hadde strikka bolen angra eg litt, for...fargen er jo nydeleg og eg kunne jo heller ha strikka noko til meg sjølv. ;) Men, men... Eg aner ikkje kven som skal få den. Den var opprinneleg strikka i str 12 år, men Finull garnet forstår eg meg ikkje heilt på. I vaskemaskina vår må eg som regel tove ting to gongar først på 40 og så gjerne igjen på 40 eller 60 for at eg skal bli fornøyd. Dette har eg måtta med Tove og med Finull før. Så hadde eg jo det brune garnet i dei teppene som nesten ikkje tova. Denne fargen tova alt for mykje!! Ser nesten ikkje att mønstra slik ein skulle. Så det var litt kjedeleg. Men, men... er vel gjerne str 10 eller 8 no. ;)
Mønster: Frå same heftet som den kjolen med hjarte på
Pinnenr: 4,5 og 5mm
Garn: Rauma Finull
Mengde: 350gram

torsdag 26. august 2010

Sjal/ A shawl

Bileta vert ikkje så fine når ein må ta dei inne som når ein kan ta dei ute. Trur eg må prøve å få tatt nokre nye bilete i løpet av helga. ;) Nok eit 198 yds of Heaven. Her strikka eg akkurat slik det stod i oppskrifta, på dei andre har eg strikka ein ekstra med chart 1. Dette vart veldig kort, så eg kjem nok ikkje til å strikke fleire i den lengden. Jobbar meg fortsatt gjennom garnlageret,- derfor mykje petrol no. :-) Held på med Petrol i Kitten Mohair. Har ca 27 gram igjen av den mørkaste, så får eg sjå kva eg skal bruke den til. Nokre forslag?
Mønster: 198yds of Heaven (sjå link ved dei andre innlegga)
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 43gram
______________________________
Another 198 yds of Heaven. On this one I followed the pattern and didn't knit chart 1 once more. I think it is too short. I am working my way through my stash, and as you can see right now I am on Petrol from Sandnes Garn Kitten Mohair. :) I have got 27 grams left of the darkest one. Any ideas what I should knit or crochet from it?

onsdag 25. august 2010

Fleire vottar/ More mittens

Nok eit par med Bella's mittens. Desse er strikka i to ulike trådar med petrolfarge, rett og slett fordi eg var usikker på om eg hadde nok av den mørke til å strikke dei i kun den mørke petrolfargen. Dei havnar i gåvekassen min dei og. Trur eg snart må skrive ei liste over kva folk skal få til jul. :) Utruleg kjedeleg å ta bilete inne, men det regnar ganske mykje ute, så dei bileta vert nok ikkje så mykje betre.
Mønster: Bella's mittens (sjå link i dei andre innlegga)
Garn: Dobbel tråd Kitten Mohair
Pinnenr: 5mm
Mengde: 72 gram
_________________________________
Another pair of Bella's mittens. I love this pattern. :) This pair of Bella's will end up in my gift box.

tirsdag 24. august 2010

Fiona

Det er lenge sidan eg har kjøpt denne oppskrifta, men først no at eg har strikka den. Den er strikka i ein petrolfarge med mørkerosa striper. Synes den vart ganske fin, og kjem nok til å strikke fleire like. Endra litt på mønsteret for å gjere det litt enklare. Beklager dårleg bilete, men det regnar ute og ikkje det beste lyset ute no på morgonen heller. Eg skal sjå om eg ikkje kan få tatt nokre nye i ettermiddag. :) Den er strikka i str 1 år.
Mønster: Fiona
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 3 og 3,5mm
Mengde: 79 gram
______________________________
My first Fiona, but not my last one... :)

tirsdag 17. august 2010

Bella's vottar og geitramssaft/ Bella's mittens and Fireweed lemonade

For ei stund sidan hadde Beate laga geitramssaft, ho la ut oppskrifta i bloggen sin,- så...då måtte eg prøve. Safta er kjempegod!! Smakar litt solbærsaftaktig. Så min kjære mann og eg har allerede bestemt oss for at det må garantert plukkast meir geitrams og lage meir saft. Takk for at du la ut oppskrifta, Beate!!
Eg har strikka eit par til med Bella's mittens. Synes dette mønsteret er kjempeflott så det blir garantert fleire. Neste par er alt på pinnane. ;)
Mønster: Bella's mittens
Garn: Kitten Mohair, dobbel tråd.
Pinnenr: 5mm
Mengde: 70gram
____________________________
A while ago Beate had made Fireweed lemonade and had the recipe in her blog, so...I had to try it. The lemonade is so good!! My husband and I have already decided that we have to pick more Fireweed flowers and make more lemonade.
I have also knitted another pair of Bella's mittens. I love this pattern, and has already started on another pair.

mandag 16. august 2010

Haruni

Mitt første Haruni,- og det vert nok fleire. Ganske lange omgangar under siste delen med over 500 masker, men det var jammen meg verdt det når det vart slik. :)
Mønster: Haruni
Garn: Kid Mohair laga for Knapphuset, lyseblå, eller lys turkis
Pinnenr: 3,5mm
Mengde: 68gram
___________________________________
My first Haruni,- and I am in love!!

søndag 15. august 2010

198 yds of Heaven

Dette strikka eg forrige laurdag til svigerinna mi som hadde bursdag på fredag. Veldig greie å strikke desse sjala, men ein vert fort litt lei dei og. :) Litt lite utfordringar på dei. Ha ein god søndag alle saman!!
Mønster: 198 yds of Heaven
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 6mm
Mengde: 79 gram
______________________________
I have knitted another of Christy Verity's 198 yds of Heaven. I like this pattern because it is a quick knitting, but I guess you can also get tired of it, because it is not much of a challenge. ;) This was a present for a sister-in-law on her Birthday this Friday. I knitted this shawl last Saturday. Have a nice Sunday!

lørdag 14. august 2010

Pulsvarmarar og litt shopping/ Wristwarmers and some shopping


Då er eg omsider tilbake. Takk til alle som stikk innom og skriv slike koselege kommentarar. Det er så kjekt! I dag skal eg ta meg ein tur innom til alle dåke og ta meg ein ordentleg bloggrunde.
Dei grå pulsvarmarane har eg kjøpt av Felisi, og i lag med pulsvarmarane kom og oppskrifta. Den er forøvrig lagt ut i bloggen hennar og. Tusen takk Felisi! Dei er nydelege. Litt endringar hadde ho gjort og det har eg og. Kjempeflotte!! Dei lilla har eg strikka. Eg hadde ein liten rest igjen som eg håpa skulle halde til eit par til, så eg reduserte litt på talet på repeterte rapportar på den nedste delen, men....det gjekk ikkje. Kitten Mohair er ikkje det mest festlige garnet å rekke opp att, så dei ligg her, så kanskje eg kan finne ein anna farge som den øvste delen kan strikkast i.
I går var me i eit koseleg bursdagsselskap til ei svigerinne. Delar av gåva hennar var desse pulsvarmarane. Resten av gåva skal eg prøve å få lagt ut i kveld.
Mønster: Felisi
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 3mm
Mengde: 19 gram i dei ferdige:)
Denne nydelege strikketøymappa har eg og kjøpt av Felisi. Gler meg til å ta denne med meg når eg skal ut og reise og i besøk, i stadenfor å ha med meg posen min. :) Eg anbefaler deg å ta ein tur innom bloggen hennar å sjå alt det flotte ho lagar! ________________________________
I have knitted the purple wristwarmers after I recieved the grey ones and the pattern from Felisi. They are beutiful so I am definetly going to knit more of these.

fredag 6. august 2010

Bella's vottar/ Bella's mittens

Desse har eg aldri strikka før, men dei var kjappe å strikke, varme og gode. Langt skaft på dei, som gjer at dei varmar godt til vinteren. Eg kjem garantert til å strikke fleire av dei. I går hadde eg besøk av ei veninne, som allereie har putta dei på ønskelista si til jul. ;)
Mønster: Bella's mittens
Pinnenr: 5mm
Garn: Kitten Mohair, 4825
Mengde: 73 gram
______________________________
My first Bella's mittens,- and I am in love!!

onsdag 4. august 2010

Badedamer på veggen/ More bathing ladies

Då går det unna. Deilig med avspasering. Dagen starta ganske trått i dag, men begynte på desse badedamene, som skal henge på veggen, i går, så fekk gjort siste finishen i løpet av dagen. Det skal eigentleg vere tre damer på rad og rekke på eit slikt veggteppe, men...ettersom badet vårt er ganske lite og me ikkje har dei store veggflatene, så delte eg dei opp. No heng det eine over dei badedamene som du ser i forrige innlegg og den andre heng over do. ;)
Eg har eit slikt sett til, der eg kan lage eit sånt stort veggteppe, men eg veit ikkje om eg gidd. Foreløpig har eg jo ingen plass å henge det heller.
Tok med litt bilete av dei eg laga i går og, rett og slett fordi eg ikkje fann nokon montasje der eg fekk vist heile veggteppa og så er eg jo blitt litt hekta på desse photoscape greiene. :) Er jo ganske kjekt å vise fram bileta på denne måten.
__________________________________
I have made these beautiful ladies for our bathroom walls. ;)

tirsdag 3. august 2010

Badedamer/ Ladies

Endeleg!! Det er minst 2 år sidan eg klipte opp delane til desse, la det vekk og tok det først fram igjen i gårkveld. Synes desse er kjempeartige og dei passar bra inn på badet. Eg avspaserer dei fire første dagane av denne veka, søv mykje og kosar meg elles med handarbeid. Eg har henta fram eit veggbilete med badedamene på og, så får eg sjå om eg får sydd det og. Litt smale veggar på badet vårt, så dei må i såfall delast opp litt med ei badedame på kvar. Ha ei strålande veke alle saman!!
_______________________________
Finally!! It is at least two years since I cut up all the pieces to sew these ladies. I put it away and last evening I finally started to sew them. I love these, and they fit perfectly in our bathroom. Have a wonderful week!

lørdag 31. juli 2010

198 yds of Heaven

Dette gjekk superkjapt å strikke. Starta på det seint på kvelden 18.juli og var ferdig dagen etterpå. La det til blokking rett før forrige helg og fekk endeleg tatt bilete av det i kveld. Eg strikka ein rapport ekstra på chart 1, slik at eg strikka rad 1-22 ein ekstra gong. Synes det vart passeleg lengde på det då. Dette hamnar og i gåvekassen min. No har eg ganske mange gåvekassar, så det vert greit til jul og til bursdagar framover. ;)
Mønster: 198 yds of Heaven
Garn: Kitten Mohair, 4513
Mengde: 65 gram
Pinnenr: 5mm
For ei tid tilbake vart eg med på ein giveaway på TanteUlla's blogg. Og eg vann dette flotte Wollmeise nøstet. Eg har aldri prøvd Wollmeise før, så dette blir spennande. Eit deilig å mjukt garn.
Elles vil eg anbefalle deg ein tur innom TanteUlla's blogg,- ho lagar mykje fint og har ein koseleg blogg.
I dag har eg og oppdatert på Ravelry både med prosjekt og faktisk lagt inn noko på Stash. Utruleg kjekt eigentleg for no oppdaga eg at eg hadde fleire nøster av enkelte garntypar som eg trudde eg berre hadde eit nøste av osv. Tar litt tid å legge inn bileta så eg gjorde det samtidig som eg rydda og vaska huset... "Oprah calls it multitasking" :)

_____________________________


I've knitted 198 yds of Heaven and won my first Wollmeise at Tante Ulla's blog.

tirsdag 27. juli 2010

Smetteskjerf/ Babyshawl


Då har eg strikka to sjal på bestilling. Det kvitaste er i str 2 år, medan det andre er i str 1,5 år. Kjekke sjal å strikke. Dei vart sendt i posten i går, så dei dukkar forhåpentlegvis opp ein av dei nærmaste dagane.
Elles har eg hatt ei fantastisk flott helg i Stavanger i helga med gode veninner frå tida i Lyngdal på vidaregåande. Kjempekjekt!! Det er så altfor sjeldan me møtes alle saman, ettersom eg er den einaste som bur i Hordaland. Stavanger er ein nydeleg by og i så flott ver som det var i helga er det fantastisk!
Garn: Baby Ull og Lanett
Pinnenr: 2,5mm
Mengde: Klarte å sende det avgårde før eg vegde dei... :(
_____________________________
Two babyshawls knitted on request. :)

onsdag 21. juli 2010

Look alike

Den off white look alike hua vart strikka for ein del veker sidan. Den koksgrå vart strikka i helga. Det koksgrå garnet fekk i HV gåve på Hobbyboden i juni. Eg har endra noko på mønsteret slik at det er ein del enklare,- kan berre strikke i veg utan å tenke på kor tid eg er ved starten og slepp følge med på mønsteret. ;) Blir nok fleire av desse, vil eg tru. Den flotte hortensiaen i lag med ein del andre ting i ein pakke har me fått av søstra mi med mann og barn då dei var på besøk her i nesten to veker i sommar og eg passa barna 2 dagar. Nydeleg! Desse hamnar og i ein gåvekasse,- dei begynner å bli passe fulle...

Off white
Garn: Smart
Mengde: 95 gram
Pinnenr: 4mm

Koksgrå
Garn: Karisma
Mengde 88 gram
Pinnenr: 4mm
__________________________________
Two look alike hats for my giftboxes. ;)

søndag 18. juli 2010

Lue og storm!! / Hat and a storm!!

Jobbar meg fortsatt gjennom garnlageret, så denne er strikka av noko melert Smartgarn som eg hadde liggande. Passar nok ein jaktperson. :) Så vi får sjå kor den hamnar. Foreløpig hamnar den i ein av gåvekassane den og. Trur eg snart må ha fleire gåvekassar for dei begynner å bli ganske fulle... :)
Mønster/Pattern: The Boy hat
Garn/ Yarn: Smart
Pinnenr/ Needlesize: 4,5mm
Mengde/ Used: 63 gram
___________________________
I am still using yarn from my storage. This hat will also end up in my gift box.
For nokre veker sidan var det storm her ein fredag. Me hadde sjølvsagt ikkje somla oss til å sikre trampolina så den tok seg ein tur nedover lia mot sjøen. Heldigvis har me enno ikkje rydda beitet for å få betre utsikt slik at trampolina hamna heldigvis ikkje på sjøen. Stormen tok og toppen på eit kastanjetre som står rett ved sida av terassen vår. Det var då nordavind og toppen datt over terassen vår og øydelagte heldigvis berre den eine altankassen og fjerna ei blomsterkrukke. For nøyaktig to veker sidan var det ein ny storm, denne gongen sønnavind. Trampolina var sikra og eg sprang ut og fyllte vatn på syrekannene for å vere sikker. Eg sat på nettet og kikka på bloggar. Plutseleg høyre eg eit knirk, som om ein knekk ein kvist, og så eit brak... Resten av toppen på kastanjetreet knakk og tok med seg telefonledningen i same slengen. Heile kastanjetreet ser litt rart ut no, det er berre ein kvist att. Dette treet var ein gong eit stort og flott tre. :) Eg er i grunn glad det var sønnavind for då datt det i allefall ikkje på huset. På biletet oppe til høgre ser de den delen som ramla ned. I forrige storm var det vel ein tilsvarande stor del som knakk om ikkje den var større...
__________________________
This is what is left of a tree on our lawn after a storm two weeks ago...

fredag 16. juli 2010

Kjole/tunika/vest - Dress/tunic/vest

Denne hamnar i gåvekassen. Eg veit ikkje heilt kven som skal få den enno... ;) Men eg har fortsatt brukt garn frå garnlageret. Det skal eigentleg vere ein vest, men eg har strikka den noko lenger så kan den brukast som kjole/tunika.
Mønster: Rauma Barn og voksen 053
Pinnenr: 3mm
Garn: Rauma Finull
Mengde: 198 gram
______________________________
A dress/tunic knitted for my giftbox. ;) Still using yarn from my storage.

onsdag 14. juli 2010

Odessa luer/ Odessa hats


Innimellom ein del større prosjekt har eg no strikka ein del huer. Jobbar meg fortsatt gjennom garnlageret, så det minkar sakte, men sikkert, sjølv om det ikkje akkurat føles slik. Alle på det øvste biletet er strikka i Smart, medan den nedste er strikka i Edda frå Viking Garn. Eit utruleg mjukt og godt garn. Då eg strikka den lilla hua i Smart gjekk eg tom for garn før eg var ferdig, så eg endte opp med å bruke melert garn på toppen. Synes i grunn det vart ein fin detalj og har difor gjort det på dei to andre som er strikka i smart og. Desse havner og i gåvekassa. Kjekt å ha litt gåver liggande til jul og bursdagar.
Pinnenr: 3,5 og 4mm
Garn: Smart og Edda
Mengde: Til saman: 205 gram
___________________________________
Odessa hats knitted for my giftbox. ;)

tirsdag 13. juli 2010

Rosa babyteppe og give away/ Pink babyblanket and give away

Har strikka eit rosa/lilla babyteppe og. Brukar fortsatt garn frå garnlageret. ;) Denne gongen er eg like misfornøyd med det brune garnet som eg var på det blå. Det tovast ein god del mindre enn resten av garnet slik at det vert bulkete inni teppe og skjeivt og skakt langs kanten. :(
I tillegg tok eg på dette å hekla langs kanten før eg tova, men pga det brune garnet vart jo det heilt håplaust. Så eg måtte berre klippe alt av igjen og så tove teppe ein gong til før eg hekla langs kanten. Mykje ekstraarbeid, men, men... Eg trur nok ikkje at eg lagar fleire slike tepper, men er forsåvidt fornøyd med dei begge bortsett frå det brune garnet då... Dette havnar nok og i gåveeska, så får me sjå kor det finn vegen...
I bloggen til Hanne sin... er det ein give away som går ut 15. juli. Ho har mykje flott å gi vekk i anledning at ho har runda 10.000 besøkande!! Så ta deg ein tur innom. Ho har elles ein flott blogg med mykje flott som ho lagar.
Mønster: Same som det blå.
Garn: Rauma Finull
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 329gram + 50 gram som måtte klippast vekk...
_________________________________
A babyblanket. I have no idea where it is going to end up....
Hanne sin... has a give away in her blog. She makes lots of nice things and has a beautiful blog.

lørdag 10. juli 2010

Babyteppe/ Babyblanket

Dette er det ei stund sidan var ferdigstrikka. Eg starta på det på toget på veg til Hønefoss den første helga i mai då eg skulle på kurs i Bløtvevskirurgi på smådyr. Eg tok ikkje med meg oppskrifta og dermed visste eg ikkje kva rekkefølge dei ulike lappane skulle vere i. Angra litt på det ettersom eg kunne ha strikka dei remse for remse,- det hadde gitt meg litt mindre monteringsarbeid. Men...eg kan jo ikkje sitte på toget frå Bergen til Hønefoss utan noko handarbeid!!! Så då var det berre å strikke, og montere i veg etterpå. Det har lagt ei stund etter toving, før eg hekla kanten rundt, sydde alle kastestinga rundt kvar rute og nålefilta figurane på. Fargane kjem ikkje heilt til sin rett, men, men... Det limegrønne og den lyseblå er Tove garn. Resten er Rauma Finull. Mange flotte fargar i Rauma Finull, men eg er veldig misfornøyd med den brune. For den tovar IKKJE likt som resten av garnet, slik at dei rutene er større enn dei andre og gjer teppet litt bulkete inni teppet og litt skeivt og skakt på midten. Hadde jo forventa at alle fargane innanfor same garntype tova likt. Men, men... Eg har no fått brukt opp meir garn frå garnlageret, så det er kjekt. Eg har ikkje kjøpt eit einaste nøste enno, bortsett frå garnet til Prinsessekronene som eg strikka for ei veninne (men der var det ho som kjøpte garnet. :) ).
Det er ei stund sidan eg har lagt noko ut på Ravelry og no, så eg får sjå om eg ikkje får gjort det ein dag. I dag har det vore strålande sol og varmt. Deilig å sitte på terassen med handarbeid.
Mønster: Sandnes Toving Tema 11
Garn: Tove og Rauma Finull
Pinnenr.: 4mm
Mengde: 376g
_____________________________________
I started to knit on this babyblanket the first weekend in May, but it is always hard to finnish of. Especially when there is a lot to do, like sewing, crocheting and needle felting. I will put it in one of our giftboxes and we will see where it ends up.

fredag 9. juli 2010

Restehuer/ Left over hats

Eg held fortsatt på med nokre større prosjekt som det gjenstår litt montering på. I mellomtida har eg strikka ein del huer. Men...eg har vore dårleg på blogginga i det siste, så det går litt trått med å få det ut i bloggen. Skal forsøke no å legge ut eit innlegg kvar dag ei lita stund framover så får me sjå. Alt avheng litt av pc'en og ettersom den har ein tendens til å henge seg opp så får me sjå korleis det går... ;(
Forrige søndag fekk me besøk frå Finnmark,- eine søstra mi med mann og to barn. Dei reiste i går etter å ha vore her i nesten to veker. Den eldste søstra mi var her og i tre dagar med sine to barn. Utruleg koseleg!! Kjekt å kunne få vere med alle barna og sjå søstrene litt og. Etter at dei reiste i går fekk eg besøk av ei veninne og hennas son på 5,5 mnd. Og på kvelden kom mannen og datra innom. Koseleg! I dag har me hatt besøk på kvelden av ei veninne og hennas fire barn. Utruleg kjekt med mykje besøk! Ettersom me bur langt ute på landet har me jo og stor boltreplass. Me har og gått til anskaffelse av trampoline, basketball og -kurv og litt andre leikar, så barna koser seg. ;) Og så er det jo spennande med kyr, fjøsstell og hund og katt. No er det to dagar igjen av den to veker lange ferien min så er det tilbake på jobb på mandag.
Så litt strikking og sying vert det forhåpentlegvis dei to siste dagane og. ;)
På desse tre huene og til pannebandet har eg ikkje brukt noko spesielle mønster.
Pinnenr: 3,5, 4 og 6mm
Garn: Raud/grønn: Juvel. Melerte + panneband: Løvegarn frå HP
Mengde: Panneband: 31g, melert: 67g, grønn i vrangborda: 40g, raud i vrangborda: 53g
_______________________________
I have knitted lots of hats from left over yarn a few weeks ago, but I have not been in a blogging mood lately. I have had vacation the last two weeks and have had visitors the whole time. Both my sisters have been here with their kids and my brother-in-law. Lots of fun!!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails