tirsdag 11. januar 2011

Bronte's mitts again

Eg har blitt veldig glad i dette mønsteret og har fortsatt nokre skrive ned på planen. Kjappe å strikke og så utruleg fine. Tok biletet før eg hadde blokka dei, men, men... Håpar mottakar vert fornøyd. Eg har brukt 30 gram med Kitten Mohair og pinnenr: 3,5 og 4mm. Eg strikka desse på laurdag. Tips om oppskrift fekk eg frå Hudamå.
På dei eg har strikka før har eg repetert chart A 9 gongar etter tommel og chart B 12 gongar. På desse gjorde eg slik mønsteret sa og repeterte chart A fleire gongar til ønska lengde, som då vart 12 gongar og chart B 9 gongar som det står i mønsteret. Eg synes dei vart finast med fleire repitisjonar av chart B enn av chart A, så eg kjem nok til å gjere det vidare.
I år har me fått tilbake det ordentlege Vestlandsvinterveret,- veit ikkje heilt om eg er nøgd med det. Tenk om me hadde fått ein slik vinter som me hadde sist då snøen låg på bakken frå desember til mars? I år er det snø nokre dagar, så snur det om, vert mildt og regn og is. No snør det igjen ute etter mykje regn i går, så får me sjå kor lenge den varer.

Takk for alle koselege kommentarar på innlegga!!
__________________________
I really like this pattern. They are a quick knit and so beautiful. The picture was taken before blocking. I have used 30 grams of Kitten Mohair needle size 3,5 and 4 mm and knitted them on Saturday. I hope the reciever will like them as much as I do.

15 kommentarer:

dorthe sa...

Åh så mye fint det er her da:-) Jeg bruker falk i vm genseren.. Ha en riktig fin dag:-)

reSIRIkulert sa...

Nydelege pulsvanter!
Sjå på vèret me har nå som den hausten me ikkje heilt fekk ;o) Trur nok me får meir vinter om ikkje så lenge..

Ann Tove sa...

Desse var fine.
Raskt og greit å strikke pulsvarmere. Eg har strikka nokre eksemplar i vinter, i anna mønster.
Ser det blir ofte samme mønsteret som blir brukt kvar gong. Då slepp ein å studere nye mønster :)
Ha ein fin dag.

Kristin72 sa...

Hei, nydelige pulsvarmere, jeg ønsker deg et fortsatt godt nytt år og takk for koselige kommentarer på blogginnlegga mine. Klem :)

Hanne sa...

Å, var ikke de utrolig lekre og deilkate, da? Et nydelig arbeid!

Regn om vinteren skulle vært forbudt. Det blir bare kaos og utriveligheter utav det.

Pludrehanneklem

Ulla-Bella sa...

Så nydelige:)

Trulte sa...

Å så nydelig de var. Riktig lekre.

Siddis back home sa...

Så nydelige de var, må prøve meg på dem når jeg får tid...

Tove sin strikkeside sa...

Kjempefine pulsvarmere. Takk for linken til oppskriften - er lagra

Kozemor sa...

Så søte de pulsvantene var!
Disse må jeg prøve meg på!

mkm sa...

Hei! Takk for koselig tilbakemelding hos meg i dag! :) Har vært innom hos deg et par ganger før, via Kvardagsbloggen. Skal si du er kreativ og flittig! :) Håper alt står bra til!

medina sa...

De var lekre! artig måte å bruke sjalet på i posten under:)

Monica Therese sa...

Tusen takk for det Torunn,og takk i lige så :)
Skal ta en titt på pulsvarmer-mønsteret ditt,de var utrolig pene :)

CosiFanTutta sa...

Åhhh, så fine de var. Veldig mye annet fint også. Blir litt flau over mitt amatørarbeid som jeg har i min blogg : ) Tuusen takk for sympati på bloggen min, kjekt når jeg ikke er alene om å synes synd på meg selv ; )
Ha en fin dag

LilleMargeritt / Solsikka sa...

Du strikkar så mykje fint i Kitten Mohair at eg blir heilt inspirert! Gler meg til å sjå meir herfrå :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails