








 Då har eg blitt ferdig med halsane i Hals- og skjerfalongen for oktober. Kjekke å strikke og veldig greie å ha på lager til ulike gåver. Eg er litt usikker på kva str desse er, men kanskje nokre andre har strikka dei og?
 Då har eg blitt ferdig med halsane i Hals- og skjerfalongen for oktober. Kjekke å strikke og veldig greie å ha på lager til ulike gåver. Eg er litt usikker på kva str desse er, men kanskje nokre andre har strikka dei og? Då er eg ferdig med alle julegåvene untatt ei, men det er ei gåve eg skal lage til ei veninne. Deilig når nesten alle gåvene er innpakka og ligg klar. Skal kose meg med å lage pakkelappar og kanskje nokre julekort no fram mot jul.
 Då er eg ferdig med alle julegåvene untatt ei, men det er ei gåve eg skal lage til ei veninne. Deilig når nesten alle gåvene er innpakka og ligg klar. Skal kose meg med å lage pakkelappar og kanskje nokre julekort no fram mot jul.


 I går kom mønsteret for oktober i Luer for huer på Uformelt. Og no er hua ferdig strikka. ;) Kjekt å vere raskt ferdig til ei forandring. Ei artig hue. Usikker på om den vert tatt i bruk sjølv eller om den havnar i pakkepapir...
 I går kom mønsteret for oktober i Luer for huer på Uformelt. Og no er hua ferdig strikka. ;) Kjekt å vere raskt ferdig til ei forandring. Ei artig hue. Usikker på om den vert tatt i bruk sjølv eller om den havnar i pakkepapir...  Eg har mange nesten ferdige prosjekt liggande, men eg jobbar lange dagar for tida og er ganske trøtt når eg kjem heim. Så eg må innrømme at montering, strikking og blogging er ganske nedprioritert. Mykje å gjere på jobb, så eg gler meg mykje til eg skal ha ferie!! Berre 7 dagar igjen på jobb no, så skal eg ha to veker ferie,- DEILIG!! Kjenner at det trengs no!! Kan ta meg inn igjen litt då og ikkje vere redd for å sovne på veg til og frå jobb... Litt skummelt når eg har 40 minutt i bil kvar veg, møtet med autovernet trur eg vert ganske kort... Så...det blir deilig med litt ferie, men eg kosar meg på jobb og, så det blir rart å vere vekke i to veker. ;)
 Eg har mange nesten ferdige prosjekt liggande, men eg jobbar lange dagar for tida og er ganske trøtt når eg kjem heim. Så eg må innrømme at montering, strikking og blogging er ganske nedprioritert. Mykje å gjere på jobb, så eg gler meg mykje til eg skal ha ferie!! Berre 7 dagar igjen på jobb no, så skal eg ha to veker ferie,- DEILIG!! Kjenner at det trengs no!! Kan ta meg inn igjen litt då og ikkje vere redd for å sovne på veg til og frå jobb... Litt skummelt når eg har 40 minutt i bil kvar veg, møtet med autovernet trur eg vert ganske kort... Så...det blir deilig med litt ferie, men eg kosar meg på jobb og, så det blir rart å vere vekke i to veker. ;)







 Denne babyjakken har vore ferdigstrikka ei stund, men det har vore så travelt med besøk av tantebarn og åleine på jobb i to veker at tida har ikkje akkurat strukket til. Fargane kjem ikkje tydeleg fram, grønnfargen er heilt annleis i virkeligheten. Jakken er no på veg til Hønefoss til ein nyfødd liten krabat.
Denne babyjakken har vore ferdigstrikka ei stund, men det har vore så travelt med besøk av tantebarn og åleine på jobb i to veker at tida har ikkje akkurat strukket til. Fargane kjem ikkje tydeleg fram, grønnfargen er heilt annleis i virkeligheten. Jakken er no på veg til Hønefoss til ein nyfødd liten krabat.  I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.
I juni i huealongen på uformelt var englehuer eit av mønstra. Eg har strikka seks stykker :) Desse er kjekke å gi bort i barselgåver. Dei var ferdig 30.juni, men det har tatt litt tid å somle seg til å ta bilete og legge ut på nettet i dette fine veret.

 Då har eg endeleg fått tatt bilete av og blogga junisjalet,- det var i grunn ferdig i starten av veka, men eg har ikkje fått tid til å ta bilete og blogga det enno. Lange dagar på jobb. Eg begynte på sjalet då mannen min og eg reiste på ei avslappingshelg til Voss forrige helg, og i det eg var i gong med sjalet og såg korleis det vart angra eg litt på at eg ikkje hadde tatt med eit fleirfarga garn, men, men... Det vart som det vart. ;) Eg tok eit detalj bilete av sjalet og, men det vart visst for mange MB til at resize2mail kunne ordne det... Klikk på biletet for å forstørre dei.
Då har eg endeleg fått tatt bilete av og blogga junisjalet,- det var i grunn ferdig i starten av veka, men eg har ikkje fått tid til å ta bilete og blogga det enno. Lange dagar på jobb. Eg begynte på sjalet då mannen min og eg reiste på ei avslappingshelg til Voss forrige helg, og i det eg var i gong med sjalet og såg korleis det vart angra eg litt på at eg ikkje hadde tatt med eit fleirfarga garn, men, men... Det vart som det vart. ;) Eg tok eit detalj bilete av sjalet og, men det vart visst for mange MB til at resize2mail kunne ordne det... Klikk på biletet for å forstørre dei.  Sidan eg klarte å strikke maisjalet feil (eg strikka att og fram og det skulle strikkast rundt), har eg strikka eit nytt. Kjem garantert til å strikke fleire av desse! Eg har enno ikkje fått tak i sånn hjertenål til å ha på sjalet. Eg vart tipsa om at dei har på Mauds garn, men eg fann det ikkje på nettsida... Men...eg får leite litt til. ;)
Sidan eg klarte å strikke maisjalet feil (eg strikka att og fram og det skulle strikkast rundt), har eg strikka eit nytt. Kjem garantert til å strikke fleire av desse! Eg har enno ikkje fått tak i sånn hjertenål til å ha på sjalet. Eg vart tipsa om at dei har på Mauds garn, men eg fann det ikkje på nettsida... Men...eg får leite litt til. ;)
 I dag har eg fått montert mars-april sjalet
I dag har eg fått montert mars-april sjalet

 Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;)
Endeleg har eg fått montert denne gensaren, som er ei forsinka gåve til ei niese. Mykje plukkarbeid med alle blomstrane. Men kjekt å sjå den ferdig. Nye bilete lagt til i dag 1.juni,- bles mykje i dag. ;)  Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;)
Då er Mai-hua ferdig og eg er ajour med huealongen. Då er det berre mars/april sjalet i hals- og sjalalongen som må ferdigstillast. Eg var i grunn med i Sokker 2009 og, men sidan eg kun har strikka januarsokkane og dermed har februar, mars, april og mai igjen å strikke og juni er rett rundt hjørnet, kjenner eg at eg orkar ikkje å stresse med det. Så...dermed har eg meldt meg av den alongen og får heller hive meg på igjen til neste år. Det blir forhåpentlegvis eit år som er litt meir positivt enn dette har vore så langt. Men no smiler iallefall strikke- og heklemotivasjonen til meg igjen, så dette er kjekt. ;) Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld.
Snille, søte Tittei gav meg ei utsetjing på april og maihuene i huealongen, ettersom eg heng etter i alle alongane no. Dette er aprilhua. Kjapp og grei å strikke. Strikka den i gårkveld. Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:)
Eg heng litt etter i årets alongar pga ein del vonde ting som har skjedd i familien dette halvåret i tillegg til ein del jobbing. Så overskotet har latt vente på seg og motivasjonen har vore langt i frå på topp, men no begynner enkelte ting å kome litt på avstand og det er færre ting å måtte konsentrere seg om på ein gong... Så...kanskje eg er på veg tilbake i strikke-/hekleverda no? Det er lov å håpe...:) Dette sjalet strikka eg i gårkveld og er maisjalet i Hals og sjalalongen. Utruleg kjekt å strikke!! Dette vert det garantert fleire av! På mønsteret visast sjalet med ei sånn hjartenål i tre,- nokon som veit kor ein får tak i slike??
Mønster: Dette fekk me på mail av vertinna i alongen
Garn: Kitten Mohair
Pinnenr: 8mm og heklenål nr 3,5mm
Brukt: 21gram
___________________________________
This is the Mayshawl in the neckwarmer and scarf along. I love it and will definitely knit more of these!
 Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen.
Dette paret er strikka i forsinka bursdagsgåve til ein svoger. Sokkeparet har vore ferdig i ein månad, men eg har ikkje somla meg til å feste trådar og kjøpe siste del av gåva. ;) Men, men...han skal få den så snart me møtast igjen. Brukt: 129gram
Pinnenr.: 3,5mm
______________________________
A pair of socks knitted for a brother-in-law for his Birthday. They have been done for a month, but I still haven't weaved in the threads and bought the last part of his gift, but...eventually I will get it done. ;)
 Denne var ferdig i midten på februar, men eg har ikkje somla meg til å feste knappar på den. Men no er den altså ferdig og ligg til blokking med knappane festa på. Mønsteret fekk me i Hals og skjerfalongen på HB i februar. Viss eg nokon gong strikkar denne igjen og i dette garnet bør eg nok strikke med pinnenr. 3 og ikkje 3,5.
Denne var ferdig i midten på februar, men eg har ikkje somla meg til å feste knappar på den. Men no er den altså ferdig og ligg til blokking med knappane festa på. Mønsteret fekk me i Hals og skjerfalongen på HB i februar. Viss eg nokon gong strikkar denne igjen og i dette garnet bør eg nok strikke med pinnenr. 3 og ikkje 3,5. Februar hua i Huealongen på HB er endeleg ferdig. Februar har vore ein slitsom månad med mykje tunge ting som har skjedd i familien, i tillegg til svært mykje jobbing og dårleg søvn...Det har igjen ført til at det har vore lite overskot og motivasjon til å strikke... Men...eg håpar likevel at hua mi kan bli godkjent for februar.
Februar hua i Huealongen på HB er endeleg ferdig. Februar har vore ein slitsom månad med mykje tunge ting som har skjedd i familien, i tillegg til svært mykje jobbing og dårleg søvn...Det har igjen ført til at det har vore lite overskot og motivasjon til å strikke... Men...eg håpar likevel at hua mi kan bli godkjent for februar. Litt lite blogging frå denne kanten, då det er litt mykje som skjer for tida... Denne babydressen vart strikka etter ønske frå ei veninne. Håpar Ingelina kan bruke den, Åse. Artig dress å strikke i ein nydeleg farge! Den er strikka i str 2 år. Knappane er forresten treknappar og ikkje kvite,- sola gav visst litt gjenskinn...
Litt lite blogging frå denne kanten, då det er litt mykje som skjer for tida... Denne babydressen vart strikka etter ønske frå ei veninne. Håpar Ingelina kan bruke den, Åse. Artig dress å strikke i ein nydeleg farge! Den er strikka i str 2 år. Knappane er forresten treknappar og ikkje kvite,- sola gav visst litt gjenskinn...
 I går var me ein liten tur inne hos svigers. Svigerfar meinte at han trong ei hue. Han ville gjerne ha lik den som eg strikka til son hans, men den måtte vere slik at han kunne brette opp kanten. Vel...då var det berre til å strikke. Dei er ikkje heime i dag, men no ligg hua på kjøkkenbordet deira til dei kjem heim att.
I går var me ein liten tur inne hos svigers. Svigerfar meinte at han trong ei hue. Han ville gjerne ha lik den som eg strikka til son hans, men den måtte vere slik at han kunne brette opp kanten. Vel...då var det berre til å strikke. Dei er ikkje heime i dag, men no ligg hua på kjøkkenbordet deira til dei kjem heim att.
 Då har eg strikka ein Cobblestone til min kjære mann. Eg viste han eit bilete av gensaren og spurde om han hadde lyst på ein slik og det ville han, på ein betingelse at eg brukte garn frå garnlageret mitt. Så då vart det einaste alternativet Peer Gynt. Sidan eg strikka i dette garnet så har eg difor hatt maskeantall etter den største storleiken, men strikka lengden etter den nest minste. Han prøvde den på med ein gong eg var ferdig og den passar perfekt! Gler meg til å starte på litt mindre prosjekt no. ;) Klikk på bileta så vert dei større.
Då har eg strikka ein Cobblestone til min kjære mann. Eg viste han eit bilete av gensaren og spurde om han hadde lyst på ein slik og det ville han, på ein betingelse at eg brukte garn frå garnlageret mitt. Så då vart det einaste alternativet Peer Gynt. Sidan eg strikka i dette garnet så har eg difor hatt maskeantall etter den største storleiken, men strikka lengden etter den nest minste. Han prøvde den på med ein gong eg var ferdig og den passar perfekt! Gler meg til å starte på litt mindre prosjekt no. ;) Klikk på bileta så vert dei større.

